This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Forfatterarkiv
Sortering av avfallet
Stort sett er dei fleste flinke til å sortere avfallet sitt riktig. Men som elles er det enkelte som kanskje ikkje har fokus på dette – alle kan bli betre! Prøv vår sorteringsguide.
Vi bed spesielt om at ALLE knyter sekken med plastavfall, då vil vi spare mykje tid med sorteringa.
Samledunkar
Vi oppfordrar til bruk av samledunkar. Dersom fleire abonnentar går saman får dei ein dunk til mat, ein til restavfall og ein til papir, størelsen blir utrekna etter antall abonnentar.
Plastsekkar og bioposar
Som abonnent får du gratis sekkar til plast og mat etter behov.
Korleis få nye sekkar/biobag?
Knyt ein plastsekk på papir donken ved neste tøming og renovatøren legg att ein ny rull med plastsekkar til deg.
Knyt ein biobagpose på matavfallsdonken ved neste tøming og renovatøren vil då legge att biobagposar til deg.
Du kan også henvende deg til mottaka våre i åpningstida eller kontakte servicekontora/tenestetorget i kommunen din.
Bruk av hyttereturpunkt
Renovest har svært mange hyttereturpunkt i eigen region. Dei fleste av punkta brukast etter intensjonen, dvs. oppsamling av rest- og papiravfall samt glass frå hytteeigarar. Men dessverre sliter vi med at privatpersonar og næringsdrivande misbrukar nokre av returpunkta.
Containerane blir fylt opp med spesielt bygg-/rivningsavfall, og det som verre er. Bildekk, kvite-/brunvarer, tome målingsspann etc. blir ”slengd” ved sida av containeren. Dette må vi som ansvarlege for renovasjonsordninga i regionen bruke mykje krefter og ikkje minst store økonomiske ressurser på for å rydde opp i.
Ser DU slikt misbruk – ring oss!
Returpunkta finn du på kart.