Hopp til hovudinnhald

Brunkeberg avfallsmottak er hovudmottaket vårt. Her tek me i mot avfall frå fastbuande, fritidsabonnentar og næringsdrivande.

Oversiktsbilde over avfallsmottaket på Brunkeberg

Som fastbuande eller fritidsabonnent i Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke eller Vinje kommunar kan du levere følgjande avfallstypar inntil 300 kg kostnadsfritt:

  • Elektrisk og elektronisk avfall
  • Farleg avfall (sjå punkt om kva vi ikkje tek imot)
  • Kvite- og brunevarer
  • Glas- og metallemballasje
  • Hageavfall (frå klipp av hekker og busker på bustadtomt )
  • Plast (mjuk emballasjeplast)
  • Papp og papir
  • Jern og metall
  • Møblar
  • Tekstilar, sko og kler/tøy (til ombruk eigne innsamlingscontainerar/UFF)
  • EPS, XPS, Cellegummi (produsera før 2005 og inneheld farleg avfall)
  • Dekk med og utan felg
  • Impregnera trevirke (små mengder maks 300 kg / deklarerast av Renovest IKS)
  • Hardplast (energiplast)
  • Ikkje brennbart avfall (porselen, keramikk, o.l.

Følgande avfallstypar kan leverast mot betaling:

  • Gips
  • Bygg- og rivningsavfall (trevirke, isolasjon, takpapp, glasfibertankar og liknande.)
  • Pallar av tre

 

Følgjande avfallstypar tek vi ikkje imot:

  • Eksplosivar
  • Ammunisjon
  • Fyrverkeri
  • Infeksjonsfremjande og radioaktive stoff
  • Gassflasker (med unntak av propan og butan)

Som næringsdrivande kan du levere følgjande avfallstypar kostnadsfritt:

  • Elektrisk og elektronisk avfall
  • Kvite- og brunevarer
  • Glas- og metallemballasje
  • Plast (mjuk emballasjeplast)
  • Papp og papir
  • Jern og metall
  • Dekk med og utan felg

Følgande avfallstypar kan du som næringsdrivande levere mot betaling:

  • Farleg avfall (sjå punkt om kva vi ikkje tek imot)
  • Hageavfall (frå klipp av hekker og busker på bustadtomt )
  • Møblar
  • EPS, XPS, Cellegummi (produsera før 2005 og inneheld farleg avfall)
  • Impregnera trevirke (små mengder maks 300 kg / deklarerast av Renovest IKS)
  • Hardplast (energiplast)
  • Ikkje brennbart avfall (porselen, keramikk, o.l.)
  • Gips
  • Bygg- og rivningsavfall (trevirke, isolasjon, takpapp, glasfibertankar og liknande.)
  • Pallar av tre