Vistadmoen avfallsmottak
Vistadmoen avfallsmottak er mottaket vårt på Dalen, Tokke kommune. Her tek me i mot avfall frå fastbuande, fritidsabonnentar og mindre mengder frå næringsdrivande.
Som fastbuande eller fritidsabonnent i Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke eller Vinje kommunar kan du levere følgjande avfallstypar inntil 1,5 m3 kostnadsfritt:
- Elektrisk og elektronisk avfall
- Farleg avfall (sjå punkt om kva vi ikkje tek imot)
- Kvite- og brunevarer
- Glas- og metallemballasje
- Hageavfall (frå klipp av hekker og busker på bustadtomt )
- Plast (mjuk emballasjeplast)
- Papp og papir
- Jern og metall
- Møblar
- EPS, XPS, Cellegummi (produsera før 2005 og inneheld farleg avfall)
- Dekk med og utan felg
- Impregnera trevirke (deklarerast av Renovest IKS)
- Hardplast (energiplast)
- Ikkje brennbart avfall (porselen, keramikk, o.l.)
Følgande avfallstypar kan leverast mot betaling:
- Små mengder gips
- Bygg- og rivningsavfall (trevirke, isolasjon, takpapp, glasfibertankar og liknande.)
- Pallar av tre
Følgjande avfallstypar tek vi ikkje imot:
- Eksplosivar
- Ammunisjon
- Fyrverkeri
- Infeksjonsfremjande og radioaktive stoff
- Gassflasker (med unntak av propan og butan)
- Asbest
Som næringsdrivande kan du i små mengder levere følgjande avfallstypar kostnadsfritt:
- Elektrisk og elektronisk avfall
- Kvite- og brunevarer
- Glas- og metallemballasje
- Jern og metall
- Dekk med og utan felg
Følgande avfallstypar kan du i små mengder som næringsdrivande levere mot betaling:
- Plast (mjuk emballasjeplast)
- Papp og papir
- Hageavfall (frå klipp av hekker og busker på bustadtomt)
- Møblar
- Hardplast (energiplast)
- Ikkje brennbart avfall (porselen, keramikk, o.l.)
- Gips
- Bygg- og rivningsavfall (trevirke, isolasjon, takpapp, glasfibertankar og liknande.)
- Pallar av tre