Hytterenovasjon i Fyresdal

Sidene er under oppbygging. Her vil du finne status og plan for innføring av kjeldesortering i Fyresdal kommune

Renovasjonspunkt på Kili i Birtedalen

Frå 15.12.2019 vert det innført full kjeldesortering av hytteavfall på renovasjonspunktet på Kili i Birtedalen. Matavfallsposar vert plassera i vatntett beholder ved informasjonstavla på plassen. Hugs at bioposar for matavfall er «ferskvare», så ein bør ikkje taka fleire rullar en kva du har tenkt å nytte nokre månader fram i tid.

Viktig informasjon om ny hytterenovasjonsordning!

Konteinarar for hytteavfall vil få sjaktinnkast, innkastopning med diameter 30 cm. Det vil difor ikkje lenger være mogleg å kaste store avfallsekkar i konteinarane. Det vert eigne konteinar for restavfall, plast, papp/papir, glas- og småmetall samt eigne dunkar for matavfall. Restavfall og plast skal vera «innpakka» og kastast i vanlige plastposar.