Hytterenovasjon i Kviteseid

Sidene er under oppbygging. Her vil du finne status og plan for innføring av kjeldesortering i Kviteseid kommune

Renovest arbeider med å få på plass full kjeldesortering for alle hytteabonnentar.

Renovasjonspunkt Morgedal RA

Det er innført full kjeldesortering av hytteavfall på renovasjonspunktet i Morgedal. Matavfallsposer kan hentast på Renovest i Brunkeberg.

Renovasjonspunkt krysset Åsgrend

Det er innført full kjeldesortering av hytteavfall på renovasjonspunktet i krysset til Åsgrend. Matavfallsposer kan hentast på Renovest i Brunkeberg.

Renovasjonspunkt Grisehagen

Det er innført full kjeldesortering av hytteavfall på renovasjonspunktet i Grisehagen. Matavfallsposer kan hentast på Renovest i Brunkeberg.

 

Fjerning av hyttecontainer bak Vrådal Hotell

Som ein del av prosjektet med planendring av hytterenovasjonen i eigarkommunane, vert restavfallscontaineren bak Vrådal Hotell no fjerna. Abonnentar som har nytta dette returpunktet må no ta i bruk returpunktet ved Vrådal industriområde. Returpunktet ved Vrådalindustriområde har fullfraksjonering, som vil sei eigne behaldarar for restavfall, papp/papir, glas- og metallemballasje, plastemballasje og matavfall. Bioposar til matavfall kan hentast gratis på Joker Vrådal, og du finn dei ved siden av panteautomaten. På dei nye containerane finn du ein QR-kode du kan scanne med smarttelefonen din. Du får da opp den nye kjeldesorteringsguiden vår, som er til god hjelp for å sortere avfallet ditt riktig. Du finn guiden på fleire språk her: https://renovest.no/nyheter/ny-kjeldesorteringsguide/

Konteinarar for hytteavfall har no sjaktinnkast, innkastopning med diameter 30 cm. Det vil difor ikkje lenger være mogleg å kaste store avfallsekkar i konteinarane. Restavfall og plast skal vera «innpakka» og kastast i vanlige plastposar.

Returpunktet på Vrådal industriområde har kameraovervaking. Føremålet med dette er å hindre forsøpling av område, samt å sikre at det ikkje vert kasta anna enn hushaldsavfall i containerane.

.

Renovasjonspunkt Fiskebekk

Som mange sikker har sett er det opparbeida eit heilt nytt hyttereturpunkt ved innkøyringa fra Vråliosvegen til Vrådal Skisenter. Returpunktet skal nyttast av hytteabonnentar i nedre del av Vrådal Panorma, samt området rundt Vråvatn, Fossøy og vestre del av Vrådal.

Returpunktet får fullfraksjonering, som vil sei eigne behaldarar for restavfall, papp/papir, glas- og metallemballasje, plastemballasje og matavfall. Bioposar til matavfall kan hentast gratis på Joker Vrådal, og du finn dei ved siden av panteautomaten. På dei nye containerane finn du ein QR-kode du kan scanne med smarttelefonen din. Du får da opp den nye kjeldesorteringsguiden vår, som er til god hjelp for å sortere avfallet ditt riktig. Du finn guiden på fleire språk her: https://renovest.no/nyheter/ny-kjeldesorteringsguide/

Det er satt opp bom på det nye returpunktet, for å hindre at ikkje andre enn hytteabonnentar nyttar punktet. Kvar abonnent kan registrere to telefonnummer for aktivering av bommen. Det er difor viktig at dykk sender Renovest en e-post med dei telefonnummera du vil nytte. E-post sendast til bom.fiskebekk@renovest.no

Det nye returpunktet får kameraovervaking. Føremålet med dette er å hindre forsøpling av område, samt å sikre at det ikkje vert kasta anna enn hushaldsavfall i containerane.

Hyttecontainerane ved Breikilområdet, Storodd og nedre del av Skisenteret vert fjerna når det nye returpunktet opnar.

 

 

Renovasjonspunkt på toppen i Vrådal Panorama

Det er innført full kjeldesortering av hytteavfall på renovasjonspunktet på toppen av Vrådal Panorama. Matavfallsposar kan du hente gratis på Joker Vrådal. Hugs at bioposar for matavfall er «ferskvare», så ein bør ikkje ta fleire rullar enn kva du har tenkt å nytte nokre månader fram i tid.

Viktig informasjon om ny hytterenovasjonsordning!

Konteinarar for hytteavfall vil få sjaktinnkast, innkastopning med diameter 30 cm. Det vil difor ikkje lenger være mogleg å kaste store avfallsekkar i konteinarane. Det vert eigne konteinar for restavfall, plast, papp/papir, glas- og småmetall samt eigne dunkar for matavfall. Restavfall og plast skal vera «innpakka» og kastast i vanlige plastposar.

 

Styre og representantskapsprotokollar