Hytterenovasjon i Seljord

Sidene er under oppbygging. Her vil du finne status og plan for innføring av kjeldesortering i Seljord kommune

Renovest arbeider med å få på plass full kjeldesortering for alle hytteabonnentar.

Renovasjonspunkt Åmotsdal

I løpet av hausten vil Renovest ha oppretta nytt returpunkt med full kjeldesortering for hytteabonnentar i Åmotsdal. Det nye returpunktet blir oppretta på andre sidan av brua langs Rønjomsgrendi omlag 250 meter sør-aust for Åmotsdal kyrkje. Nå blir det eigne containerar for restavfall, papp/papir, plastemballasje og glas/småmetall. Det blir også sett opp ei bu med 3 hjulbehaldarar for matavfall. Matavfallsposar kan hentast på kolonialbutikken i Åmotsdal. Når det nye returpunktet står klart vil containerane ved Groven landhandel og Åmotsdal sentrum fjernast. EE-avfall, farleg avfall og store gjenstandar som til dømes møblar, kvitevarer, grillar og liknande skal ikkje leverast her, men kan leverast på Brunkeberg avfallsmottak i Ordalsvegen 63, 3850 Kviteseid. Er du i tvil på kva som kan kastast i dei ulike avfallsfraksjonane er det klistremerke med QR-kode på containerane med link til kjeldesorteringsguide.

Renovasjonspunkt i Flatdal

Det er innført full kjeldesortering av hytteavfall på renovasjonspunktet i Flatdal. Matavfallsposer kan hentast på Joker Flatdal.

Renovasjonspunkt på Trongkleiv

Returpunktet på Trongkleiv har fått fullfraksjonering, som vil sei eigne behaldarar for restavfall, papp/papir, glas- og metallemballasje, plastemballasje og matavfall. Dei nye containerane har innkastluker med diameter 30 cm, så det vert ikkje lenger mogleg å kaste store avfallssekkar i containerane! Bioposar til matavfall kan hentast gratis på Meny i Seljord. Restavfall og plast skal vera «innpakka» og kastast i vanlige plastposar.

På dei nye containerane finn du ein QR-kode du kan scanne med smarttelefonen din. Du får da opp den nye kjeldesorteringsguiden vår, som er til god hjelp for å sortere avfallet ditt riktig. Du finn guiden på fleire språk her: https://renovest.no/nyheter/ny-kjeldesorteringsguide/

Det nye returpunktet får kameraovervaking. Føremålet med dette er å hindre forsøpling av område, samt å sikre at det ikkje vert kasta anna enn hushaldsavfall i containerane.

Hyttecontainerane ved Tresland i Kivledalen og ved Grimås er fjerna, og abonnentar som har nytta desse punkta må no bruke returpunktet på Trongkleiv.

 

Renovasjonspunkt på Kvambekkheia

Det er innført full kjeldesortering av hytteavfall på renovasjonspunktet på Kvambekkheia. Matavfallsposar kan du hente gratis på Nærbutikken i Åmotsdal, Matkroken i Øyfjell, Joker Høydalsmo eller i ein av matbutikkane på Rauland. Hugs at bioposar for matavfall er «ferskvare», så ein bør ikkje taka fleire rullar en kva du har tenkt å nytte nokre månader fram i tid.

Viktig informasjon om ny hytterenovasjonsordning!

Konteinarar for hytteavfall vil få sjaktinnkast, innkastopning med diameter 30 cm. Det vil difor ikkje lenger være mogleg å kaste store avfallsekkar i konteinarane. Det vert eigne konteinar for restavfall, plast, papp/papir, glas- og småmetall samt eigne dunkar for matavfall. Restavfall og plast skal vera «innpakka» og kastast i vanlige plastposar.

Styre og representantskapsprotokollar