Hytterenovasjon i Tokke

Her vil du finne status og plan for innføring av kjeldesortering i Tokke kommune

Renovest arbeider med å få på plass full kjeldesortering for alle hytteabonnentar.

Renovasjonspunkt på dagparkeringa på Halbjønnsekken

Det er innført kjeldesortering av hytteavfall på renovasjonspunktet på Hallbjønnsekken, med eigne containerar for restavfall, papp/papir, glas/småmetall og matavfall. Er du i tvil på kva som kan kastast i dei ulike avfallsfraksjonane er det klistremerke med QR-kode på containerane med link til kjeldesorteringsguide.  Matavfallsposar kan du hente gratis på Nærbutikken Åmdals-Verk eller Lio-Auto.

 

Viktig informasjon om ny hytterenovasjonsordning!

Konteinarar for hytteavfall vil få sjaktinnkast, innkastopning med diameter 30 cm. Det vil difor ikkje lenger være mogleg å kaste store avfallsekkar i konteinarane. Restavfall og plast skal vera «innpakka» og kastast i vanlige plastposar.