Hytterenovasjon i Vinje

Her vil du finne status og plan for innføring av kjeldesortering i Vinje kommune.

Renovest arbeider med å få på plass full kjeldesortering for alle hytteabonnentar.

Returpunkt Vamark (Mjølstaul)

Det er no innført full kjeldesortering av hytteavfall på renovasjonspunktet på Vamark, med eigne containerar for restavfall, papp/papir, plastemballasje, glas/småmetall og matavfall. Er du i tvil på kva som kan kastast i dei ulike avfallsfraksjonane er det klistremerke med QR-kode på containerane med link til kjeldesorteringsguide. Matavfallsposar kan du hente på Esso Edland.

Returpunkt Heimvegli, Angravli og Svineglupen (Austare Vierli)

Det er no innført full kjeldesortering ved returpunkta på Heimvegli og Svineglupen (Austare Vierli . Det er eigne containerar for restavfall, papp/papir, plastemballasje og glas/småmetall, samt hjulbehaldarar for matavfall. Restavfallscontaineren ved hovudvegen (Angravli) blir nå fjerna. Er du i tvil på kva som kan kastast i dei ulike avfallsfraksjonane er det klistremerke med QR-kode på containerane med link til kjeldesorteringsguide. Matavfallsposar kan du hente på Vierli Kafe, Coop eller Spar i Krossen.

 

Returpunkt Krossen

Det er innført full kjeldesortering av hytteavfall på renovasjonspunktet i Krossen, med eigne containerar for restavfall, papp/papir, plastemballasje, glas/småmetall og matavfall. Er du i tvil på kva som kan kastast i dei ulike avfallsfraksjonane er det klistremerke med QR-kode på containerane med link til kjeldesorteringsguide. Matavfallsposar kan du hente på Coop eller Spar i Krossen.

Botn Skysstasjon og Tyrvelid

Det er innført full kjeldesortering av hytteavfall på renovasjonspunkta ved Botn Skysstasjon og i Tyrvelid,  med eigne containerar for restavfall, papp/papir, plastemballasje, glas/småmetall og matavfall. Er du i tvil på kva som kan kastast i dei ulike avfallsfraksjonane er det klistremerke med QR-kode på containerane med link til kjeldesorteringsguide. Matavfallsposar kan du hente på Haukelisæter Fjellstoge, Arbuvollen fjellbutikk,  Esso Edland eller Vinje Servicesenter i Åmot(YX Åmot).

Holtardalen

Det er innført full kjeldesortering av hytteavfall på renovasjonspunktet i Holtardalen, med eigne containerar for restavfall, papp/papir, plastemballasje, glas/småmetall og matavfall. Er du i tvil på kva som kan kastast i dei ulike avfallsfraksjonane er det klistremerke med QR-kode på containerane med link til kjeldesorteringsguide.  Matavfallsposar kan du hente på ein av matbutikkane i Krossen, på Vierli Kafè eller Vinje Servicesenter i Åmot(YX Åmot).

Vierli

Det er innført full kjeldesortering av hytteavfall på renovasjonspunktet på Vierli, med eigne containerar for restavfall, papp/papir, plastemballasje, glas/småmetall og matavfall. Er du i tvil på kva som kan kastast i dei ulike avfallsfraksjonane er det klistremerke med QR-kode på containerane med link til kjeldesorteringsguide. Matavfallsposar kan du hente på ein av matbutikkane i Krossen, på Vierli kafe eller Vinje Servicesenter i Åmot (YX Åmot).

Øyfjell (Trovatn)

Det er innført full kjeldesortering av hytteavfall på renovasjonspunktet i Øyfjell, med eigne containerar for restavfall, papp/papir, plastemballasje, glas/småmetall og matavfall. Er du i tvil på kva som kan kastast i dei ulike avfallsfraksjonane er det klistremerke med QR-kode på containerane med link til kjeldesorteringsguide.  Matavfallsposar kan du hente på Matkroken Øyfjell .

Straumekrysset

Det er innført full kjeldesortering av hytteavfall på renovasjonspunktet i Straumekrysset, med eigne containerar for restavfall, papp/papir, plastemballasje, glas/småmetall og matavfall. Er du i tvil på kva som kan kastast i dei ulike avfallsfraksjonane er det klistremerke med QR-kode på containerane med link til kjeldesorteringsguide. Matavfallsposar kan du hente på Matkroken Øyfjell.

Viktig informasjon om ny hytterenovasjonsordning!

Konteinarar for hytteavfall vil få sjaktinnkast, innkastopning med diameter 30 cm. Det vil difor ikkje lenger være mogleg å kaste store avfallsekkar i konteinarane. Restavfall og plast skal vera «innpakka» og kastast i vanlige plastposar.