Hopp til hovudinnhald

Er du interessert i berekraftig jordforbetringsmiddel til bruk innanfor landbruk, park/hage vegskråningar og private plenar, ta kontakt med Renovest IKS på telefonnummer 977 11 142 for ein uforpliktande prat.

For landbruk skal det sendast inn slammelding til landbruksavdelinga/ miljøretta helsevern, i den kommunen slamkomposten skal leverast til.

Rutinar for bruk av slamkompost innan landbruk og meldeskjema finn du her:

Litveit komposteringsanlegg

Litveit komposteringsanlegg har konsesjon til å ta i mot og handsame 3.900 tonn råslam og 3.500 tonn strukturmateriale per år. I Vest-Telemark hentar me inn om lag 2.200 tonn råslam fordela på slam frå reinseanlegg og septik frå private slamavskiljarar.

I tillegg tek me imot septik frå Tinn, Hjartdal, Notodden, Kongsberg og Midt-Telemark, samt råslam frå Tinn reinseanlegg. Avtalene går ut på å kompostere råslammet og syte for omsetnad av slamkomposten.

  1. Prosedyre ved mottak av råslam frå reinseanlegg og private slamavskiljarar:
    Registrering:

    • Leverandør/ hentestad
    • År, dato og klokkeslett
    • Mengde i tonn

    Kvart lass/leveranse blir tatt prøve av. Ei skei blir lagt i delprøvepose for inneverande månad. Det resterande blir fryse ned i ein boks som merkast med leverandør, hentestad, dato og år. Delprøveposen blir sendt til analyse for tungmetall og prøveboksen blir liggjande i frysaren til ferdigvareanalyse er utført og produktet er godkjent.

  2. Råslam som blir køyrt inn blir omgåande blanda med granborkstruktur, blandingsforhold 1:1, og blir deretter køyrt til ventehaug i påvente av rankebygging.
  3. Me bygger ranker i april/mai og august/sep. Ved rankebygging blandar me inn ytterlegare ein del strukturmateriale av granbork og kverna park- og hageavfall.
  4. Når slamkomposten er ferdig hygienisert, det vil seie at rankene har hatt ein høgare gjennomsnittstemperatur enn  50 C° over ein periode på 10 dagar og vore visuelt kontrollert,  blir det tatt ut 36 delprøver frå kvar ranke og sendt til analyse. Ut frå analyseresultatet blir det utarbeida varedeklarasjon som viser blant anna klassifisering av slamkomposten i henhold til forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav.
  5. Når massane er ferdig hygienisert/kompostert og godkjent køyrast det over til ferdigvarelageret.

Slamkomposten går hovudsakeleg til jordforbetring innan park/hage/landbruk utanfor Vest-Telemark. Me ynskjer at bønder i regionen, som skal fornye eng, eller som driv med kornproduksjon, skal ta kontakt.

Om det er ynskjeleg stiller me opp til ei omvising på Litveit slamanlegg og hjelper til med søknaden til kommunen.

Bilde av dampende jord fra kompost