Kvifor hytterenovasjon?

Kvifor hytterenovasjon?

Etter forureiningslova §30 skal kommunane syte for innsamling av hushaldsavfall. Avfall frå hytter/fritidsbustader reknast som hushaldsavfall, jf. forureiningslova §27a fyrste ledd. Innsamling av avfall frå hytter/fritidsbustader vert difor ei lovpålagt oppgåve for kommunane, på lik linje med hushaldsavfall frå fastbuande.

Kommunane er etter forureiningslovas § 34 plikta til å fastsetja gebyr som skal dekke kostnadane på avfallssektoren, her og renovasjonsordninga for hytter/fritidsbustader. Det vil sei at kvar einskild som vert omfatta av renovasjonsordninga er plikta til å betale renovasjonsgebyr.

Avgifta skal være ei betaling for sjølve renovasjonstilbodet, og ikkje for kor mykje kvar einskild eigedom nyttar han.