
Fem kommuner og IKS har fått tildelt totalt 1 million kroner – Renovest er ein av desse!
Plastretur har delt ut pengar til tiltak som skal betre innsamlinga av plastemballasje lokalt.
I mars 2023 utlyste returselskapet Plastretur ein million kroner, som norske kommunar og IKS kunne søke om, gjennom eit plastforbedringsfond. Bakgrunnen er å utfordre renovasjonsselskapa til å starte opp nye tiltak, med mål om å samle inn meir plastemballasje og auke kvaliteten.
Renovest er ein av fem interkommunale selskap / kommunar som har fått bevilga midlar. Midlane skal hovudsakeleg nyttast til kommunikasjonstiltak i forbindelse med utbygging av plastinnsamling på alle returpunkt for hytter. På dei nye containerane vert det også sett på klistremerke med QR-kode til kjeldesorteringsguiden vår. Guiden er lagt inn med mange forskjellige språk.
Som ein del av kommunikasjonsarbeidet rundt avfallshandtering og sortering ynskjer me også å kome i kontakt med ulike hyttevelforeningar i kommunane Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje. Er du medlem i ei hyttevelforening som ynskjer besøk av oss til hausten? Send i så fall ein e-post til post@renovest.no, så blir me einige om eit passande tidspunkt!
Linkt til Grønt Punkt Norges nyhetsbrev: https://www.grontpunkt.no/aktuelt/nyheter/fem-kommuner-og-iks-har-faatt-tildelt-toltalt-1-million-kroner