Hopp til hovudinnhald

Renovest IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Seljord, Kviteseid, Fyresdal, Tokke og Vinje, og har ansvar for handtering av avfall og septik/slam i eigarkommunane. Verksemda er lokalisera med hovudkontor i Brunkeberg i Kviteseid kommune. Renovest tek årleg hand om rundt 10 000 tonn avfall, og verksemda si innsats er eit viktig bidrag i miljørekneskapen for regionen. Me har mottaksstader spreidd over heile Vest-Telemark, og har fjorten fast tilsette. Saman med våre underleverandørar, direkte knytt til aktiviteten vår, tel me i overkant av 20 stillingar.

Om Stillinga

Renovest IKS søker ein serviceinnstilt og strukturert kontormedarbeidar som eit viktig bindeledd mellom våre kundar og organisasjonen. Me ser etter deg som trivast med varierte oppgåver, likar samarbeid og har gode digitale ferdigheiter.

Arbeidsoppgåver

  • Ekspedering av kundemottak og sentralbord
  • Journalføring av post
  • Annonsering og oppdatering av heimeside og sosiale medier
  • Registrering i Komtek (programvare for renovasjon og slamrenovasjon)
  • Andre administrative oppgåver etter behov

 

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring med kundebehandling og administrativt arbeid vil vere ein fordel
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Utdanning innan administrasjon og økonomi vil vere ein fordel
  • Grunnleggande ferdigheiter i bruk av IT-verktøy

 

Personlege eigenskapar:

  • Er sjølvstendig, strukturert og nøyaktig
  • Er serviceinnstilt og fleksibel
  • Har gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Er positiv og lærevillig

 

Me tilbyr:

  • Ein trygg arbeidsplass
  • Forutsigbar arbeidstid
  • Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
  • Moglegheit for fagleg utvikling

 

Tiltreding:            Etter avtale

Søknadsfrist:       15.12.2024

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til Tor Helge Gjersund – tlf. 958 97 504 / e-post: thg@renovest.no.

Skriftleg søknad med CV per e-post til thg@renovest.no.

Søknad merkast «Kontormedarbeidar».

Innsyn i søkarlister

Stillinga er omfatta av Offentleglovas bestemmingar om rett til innsyn i søkarlister. Søkar må grunngje eit eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkar varslast og eventuelt ha moglegheit til å trekke sin søknad.