Hopp til hovudinnhald

Regjeringa innfører strengare krav til kjeldesortering av avfall

Frå 2023 må alle offentlege og private verksemder og institusjonar, som lagar hushaldningsliknande avfall, sortere ut papp/papir, glas/småmetall, matavfall, plastavfall, park og hageavfall og landbruksplast.

Hushaldningsliknande avfall er næringsavfall som i art og samansetning liknar på det avfallet som oppstår i eige hushald.

 

Kvifor?

Næringslivet har ei nøkkelrolle dersom vi skal nå EU sine mål om materialgjenvinning eller gjera klart for ombruk av heile 65 prosent av hushaldsavfallet vårt, slik Norge har forplikta seg til. Det same gjeld liknande avfall frå nøringslivet. Å kjeldesortere er noko heilt konkret folk på jobb kan gjere for at verksemda skal bli meir sirkulær og berekraftig.

  • Sirkulærøkonomi er, i motsett til lineær økonomi, eit system der ingenting endar opp som avfall, men blir ein framtidig resurs.

Kva betyr det for meg og min verksemd i praksis?

I statsbudsjettet for 2023 er det foreslått ei avgiftsauke på 147,9 % for avfallsforbrenning i Norge. Dette gjeld alle typar avfall til forbrenning. Ved å kjeldesortere får ein ned restavfallsmengda, som igjen får ein positiv verknad både på miljø og økonomi.

Folk flest har gode løysningar for kjeldesortering heime, men på jobben varierer løysingane frå bygg til bygg, og etat til etat.

Dette skapar usikkerheit, noko som gjev ein lågare sorteringsgrad og svekker tilliten til systemet.

Det er viktig at alle delar av verdikjedane får opplæring og på den måten skaffar seg kunnskap om riktig kjeldesortering.

Reinhaldarane må få kjennskap til dei ulike kjeldesorteringsløysingane, og vil være ein viktig ressurs .

  • Det skal vera lett å kjeldesortere
  • Ein god plass å byrje er å lage eit godt system
  • Vi oppfordrar til å bruke dei nasjonale merkesystema

Forskrifta finn du på Lovdata under «Forskrift om endring i avfallsforskriften (utsortering og materialgjenvinning av bioavfall og plastavfall)».

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål til forskrifta eller ønsker meire informasjon om kva lovendringa betyr for deg og din verksemd.

Mail: post@renovest.no

Tlf. 35068000