Hopp til hovudinnhald

Renovest IKS har no etablert eit nytt hyttereturpunkt med full kildesortering på andre sidan av hovudvegen ved Hallbjønnsekken senter. Det er sett opp eigne skur til matavfall der det også kan hentast matavfallsposar. Matavfallsposane er ferskvare og det er større risiko for lekkasje om dei blir for gamle. Det er difor lurt å hente nye med jamne mellomrom i staden for å «bunkre opp». Dei gamle containerane ved Hallbjønnsekken senter, Hallbjønnsekken kommunale hyttefelt og Hallbjønnsekken vest er nå henta inn.

Har du spørsmål kan du kontakte oss på e-post: post@renovest.no, eller på telefonnummer 350 68 000.