Nytt hyttereturpunkt ved gamle skytebanen på Rauland
Renovest IKS har no etablert eit nytt returpunkt med full kildesortering ved gamle skytebanen på Rauland. Punktet vert kalla Sauråi returpunkt og ligg ca 2,2 km frå Austbøkrysset, retning Rjukan. Det er eigne skap der det kan hentast matavfallsposar. Matavfallsposar er ferskvare og det er større risiko for lekkasje om dei blir for gamle. Det er difor lurt å hente nye med jamne mellomrom i staden for å «bunkre opp».
Dei gamle containerane ved Grautlethaugen og Hovdeli vert no samla inn.