Hopp til hovudinnhald

– og renovasjonsbilen er ute i all slags vær for å hente avfallet ditt

Det er ditt ansvar å:

  • Strø og måke vekk snøen framfor avfallsdunkane.
  • Halde avfallsdunkane frie for snø.
  • Strø og brøyte vegen og snuplasse me må bruke

Kva bør du hugse?

Køyreruta

Renovasjonsbilen vil køyre på alle vegar som støttar krava til breidde, stigning, aksellast og snuplass. Gardsvegar vil normalt ikkje bli køyrt.
Einskilde eigedomar som ligg langt vekk KAN påleggast ei anna ordning.
Donkane må vera sett fram kvelden før renovasjonsbilen køyrer. Dette er viktig da det kan inntreffe uføresette hendingar, slik som vegstenging, som gjer at ruta brått må leggjast om.

Vegane og vedlikehald.

Det er vegeigar som er ansvarleg for vegen. Dersom denne t.d. i vårløysinga kan bli skada må Renovest varslast slik at vi kan få stoppa køyringa.

Det er også viktig at vegeigar ryddar tre og buskar slik at desse ikkje heng ut og hindrar bilen i å ta seg fram. Min. høgde over køyrbanen er 4 m. Det er også viktig å rydde for sikt og at ikkje bilar eller anna matriell står slik at det hindrar framkomst eller snuing. Vinterstid er det viktig at veg og snuplass er brøyta/strødd og at plassen framfor avfallsdunkane er måka og strødd. Kvist og kvast som heng ut i vegen når snøen tyngar, må ryddast.

Renovatøren

Transportøren er ansvarleg for all innsamling og transport. Ynskjer du kontakt direkte med renovasjonsbilen så kan du ringe nr. til den bilen som stend oppført med di rute i renovasjons-kalenderen.

Ytterlegare informasjon

Er det noko du lurar på, treng meir informasjon om, ris eller ros så ta kontakt. Den beste vegen til eit godt resultat er eit konstruktivt og hyggeleg samarbeid.