Dette kan du levera på attvinningsstasjonane
Dette kan du levera på attvinningsstasjonane
BRUNKEBERG AVFALLSMOTTAK – SKÅRMOEN AVFALLSMOTTAK – VISTAD AVFALLSMOTTAK – HOVDESTAD AVFALLSMOTTAK
Er du privatperson kan du levera følgjande avfallstypar utan gebyr (gratis):
- Elektrisk og elektronisk avfall
- Farleg avfall (sjå punkt om kva vi ikkje tek imot)
- Kvite-/ brunvarer
- Glas- og metallemballasje
- Hageavfall (frå klipp av hekker og busker på bustadtomt )
- Plast (mjuk emballasjeplast)
- Papp og papir
- Jern og metall
- Møblar
- Tekstilar, sko og klær/ty (til ombruk eigne innsamlingscontainerar/UFF)
- EPS, XPS, Cellegummi (produsera før 2005 og inneheld farleg avfall)
- Dekk med og utan felg
- Impregnera trevirke (små mengder maks 300 kg / deklarerast av Renovest IKS)
- Hardplast (energiplast)
- Ikkje brennbart avfall (porselen, keramikk, o.l.)
NB! Leveransar større enn anslagsvis 300 kg / ordinær personbilhengar (max 1,5 m2 ) vil det bli fakturera.
Følgende avfallstyper kan leverast mot betaling:
- Gips
- Bygg- / rivingsvirke (trevirke, isolasjon, takpapp, glasfibertankar, isopor o.l.)
- Vindauga
- Pallar av tre (eingongs- og europallar og liknande)
Gebyr bereknast i stk, volum eller vekt (berre Brunkeberg Avfallsmottak)
Følgjande avfallstypar tek vi ikkje imot:
- Eksplosivar
- Ammunisjon
- Fyrverkeri
- Infeksjonsfremjande og radioaktive stoff
- Gassflasker (med unntak av propan og butan)
Kviteseid, 20.12.2016 / rev. 08.06.2017