Glas- og metallemballasje

Tidlegare denne månaden leverte Renovest IKS om lag 25 tonn glas- og metallemballasje til gjenvinning i Fredrikstad.

Ved levering vart det oppdaga ei tom syreflaske. Dette førte til at heile lasset vart avvist og måtte transporterast tilbake til Brunkeberg avfallsmottak.

Heile lasset vart inspisera, og det vart funne fleire gjenstandar som ikkje skulle vore der.

Det var blant anna plastposar, beslag, steikepanner, jernbøtter, målingsspann, plastkanner og liknande.

Meir alvorleg er det at det også vart funne syreflasker, gassbehaldarar og sprayboksar.

Sjølv om slike flasker, behaldarar eller boksar er tomme, skal det leverast som farleg avfall, og ikkje leverast i behaldarar/containerar for glas- og metallemballasje.