Bruk av hyttereturpunkt
Renovest har svært mange hyttereturpunkt i eigen region. Dei fleste av punkta brukast etter intensjonen, dvs. oppsamling av rest- og papiravfall samt glass frå hytteeigarar. Men dessverre sliter vi med at privatpersonar og næringsdrivande misbrukar nokre av returpunkta.
Containerane blir fylt opp med spesielt bygg-/rivningsavfall, og det som verre er. Bildekk, kvite-/brunvarer, tome målingsspann etc. blir ”slengd” ved sida av containeren. Dette må vi som ansvarlege for renovasjonsordninga i regionen bruke mykje krefter og ikkje minst store økonomiske ressurser på for å rydde opp i.
Ser DU slikt misbruk – ring oss!
Returpunkta finn du på kart.