Levering av landbruksplast
Vi har no etablert mottak av landbruksplast på alle Renovest IKS sine bemanna avfallsmottak. Vi har følgjande bemanna mottak i regionen:
Brunkeberg: Ope måndag, tysdag, onsdag og fredag frå kl. 08.00 – 14.30, torsdag kl. 08.00 – 19.00.
Hovdestadmoen (Åmot): Ope onsdagar kl. 14.00 – 19.00 og fredagar kl 09.00 – 15.00.
Vistadmoen (Dalen): Ope tysdagar kl. 14.00 – 19.00
Skårmoen (Fyresdal): Ope måndagar kl. 14.00 – 19.00
God sortering er viktig for at dette skal bli ei varig ordning, jf link til guide under – hugs:
- Kvit folie skal haldast avskilt frå farga (den har lågare verdi for mottakar)
- Fjern forrestar, pressegarn, rundballenett, samt jord og stein.
- Storsekkar og gjødselsekkar er pr. i dag restavfall og skal ikkje vere med.
Sjå også guide til kildesortering her:
https://www.grontpunkt.no/media/2814/gp_kildesorteringsguide_2015_2.pdf