Nyttig informasjon frå Renovest

  • Frå 2020 blir ikkje renovasjonskalenderen sendt ut. Du finn den på nettsida vår eller du kan ringe oss på tlf 35068000, så sender vi ein til deg. Om du ikkje allereie har lasta ned appen Min Renovasjon, ber vi deg gjere det. Her finn du all informasjon om hentetider, kva type avfall som blir henta m.m.
  • På grunn av den nye kommune og region reformen som trer ikraft 01.01.2020, må alle som har lasta ned appen Min Renovasjon, laste den inn på nytt i 2020 og legge inn adressa på nytt.
  • I mars/april 2020 startar vi ut-køyring av 2 nye dunkar til alle abonnentar. Ein for glas/metall og ein for mjukplast. Foreløpig gjeld dette kun for dei som har eigne dunkar.