Me skil mellom to hovudtypar av impregnert trevirke, og begge reknast som farleg avfall:
- Trykkimpregnert trevirke (grøn farge)
- Kreosotimpregnert (brunsvart farge)
Me skil mellom to hovudtypar av impregnert trevirke, og begge reknast som farleg avfall:
CCA-impregnering
Trykkimpregnert trevirke er som regel innsett med kobbar, krom og arsen-salt (CCA), mens kreosotbehandla trevirke er sett inn med tjære.
Sidan 2002 har det – med nokre få unntak – vore forbode å bruke trykkimpregnert tre med CCA. Dette er tungmetall som er giftige både for menneske og miljø. Forbodet gjeld import, eksport og omsetning av trevirke og treprodukt som er behandla med forbindelsar av krom.
Cu-impregnering
Ny-impregnert trevirke (Cu-impregnert trevirke) er i utgangspunktet ikkje definert som farleg avfall sidan det ikkje er innsett med krom og arsenikk. I teorien kan dette difor handsamast saman med anna behandla trevirke. Utfordringa er at det ikkje let seg gjere å skilje dei ulike variantane ved ein visuell kontroll fordi begge typane har den karakteristiske grøne fargen. På bakgrunn av dette er det som hovudregel ingen forskjell på metode for handsaming av CCA- eller Cu-impregnert trevirke i dag.
Ulovleg med gjenbruk av trykkimpregnert materiale
Det er forbode med gjenbruk av impregnert trevirke.
Det må heller ikkje brennast. Både asken og gassen er svært giftig.