- Du sparar miljøet.
- Du reduserar avfallsmengden
- Du sparar pengar
- Det blir aldri tomt for bleier i skåpet
- Det kan forhindre bleieutslett og allergiske reaksjoner ettersom dei ikke inneheld kjemikalier
- Dei pustar meir enn eingongsbleiene
- Mindre lukt enn eingongsbleier
Tøybleier
Kvifor skal eg velje tøybleier?
Kva er miljøgevinsten?
Kvart einaste år blir det på landsbasis kasta over 60 000 tonn med eingangsbleier. Dette er ikkje resirkulerbart avfall, men er tungt nedbrytbart. I følgje bransjen så veks talet på bleier for kvart einaste år. Eit barn vil i heile bleieperioden bruke om lag 6 000 eingongsbleier. Det blir inntil 1 tonn med avfall. Det er estimert at ei eingongsbleie brukar 500 år på å bli broten ned og er vanskeleg å bruke i forbindelse med energigjenvinning. Det er difor snakk om ei betydeleg avfallsutfordring.
Nyttar du derimot tøybleier treng du ikkje meir enn om lag 24 bleier som vil vare hele bleieperioden. Det betyr at råvarer og kjemikalieforbruk i forbindelse med produksjon av eingongsbleier er langt høgare enn for tøybleiene.
Småbarnsforeldre i Seljord og Vinje kan søke om eingongsstøtte på kr. 2 500 per barn til innkjøp av tøybleier.
Vilkår for ordninga:
- Det må søkast før barnet fyller 2 år.
- Det må leverast ein søknad per barn.
- Det må leggast fram kvittering for kjøp av bleier.
Send ein e-post til post@renovest.no med opplysninger om barnets alder, adresse og telefonnummer.