Hopp til hovudinnhald

Hytteabonnement

Er du hytteabonnent i Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke eller Vinje kommunar kan du levere hushaldningsavfall på det hyttereturpunktet som passar deg best.

Det er viktig å merke seg at det berre er hushaldningsavfall som skal leverast på hyttereturpunkta. Andre gjenstandar som farleg avfall, kvitevarer, møblar, grillar og liknande kan du som hytteabonnent levere gratis på eit av våre bemanna avfallsmottak.

Sortering er like viktig på hytta, som heime. Mange av returpunkta har nå tilbod om full kjeldesortering, og der er det også viktig at avfallet vert sortera.

Har ikkje ditt næraste returpunkt fått containerar for full kjeldesortering enda?
Kanskje det ikkje er så langt til neste returpunkt med full kjeldesortering, og at du av og til kan levere avfallet der dersom du likevel køyrer forbi?

Oversikt over samlege returpunkt, og kva avfallsfraksjonar du kan levere på kvart returpunkt finn du her.

Levering av avfall i container eller behaldar

  • Restavfall puttast i vanleg plastberepose og knytast før kasting i container.
  • Papp/papir flatpakkas (eventuelt rivast opp) og kastast laust i container.
    Papp- og papircontainerane har slisseinnkast slik at du som abonnent må flatpakke papp før det kastast. Om heile pappaskar vert hive i containeren vil den gå full etter svært kort tid, og lenge før neste tøming.
  • Matavfall puttast i biopose og knytast før kasting i behaldar.
    På nokre returpunkt finnast det ein behaldarar der du sjølv kan hente matavfallsposar etter behov.
    Renovest har avtale med mange daglegvarebutikkar og bensinstasjonar om utlevering av matavfallsposar til hytteabonnentar. Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurar på om din daglegvarebutikk har dette tilbodet.
    Matavfallsposar kan også hentast på eit av våre bemanna avfallsmottak.
  • Plastemballasje puttast i vanleg plastberepose og knytast før kasting i container.
  • Glas og metallemballasje kastast laust i container.