Hopp til hovudinnhald

Det er like viktig å sortere avfall på arbeid, som når du er heime.
Frå 2023 er verksemder som genererer hushaldningsliknande avfall pålagt å sørge for separat innsamling av utsortert hushaldningsliknande matavfall, plastavfall, papp- og papiravfall, glas- og metallemballasjeavfall og park- og hageavfall.

Levering av avfall i container eller behaldar

Næringsabonnement
Treng di verksemd eit renovasjonsabonnenent tilbyr me hjulbehaldarar og containerar i ulike størrelsar og til ulike avfallsfraksjonar. Me køyrer ruter for restavfall, papp/papir, matavfall, plastemballasje og glas- og metallemballasje over heile Vest-Telemark.
Tøming kan skje på fast frekvens, eller etter behov. Ta kontakt med oss, så skal me vere behjelpelege med å finne den løysinga som passar deg best!
Tlf.: 350 68 000 eller e-post: post@renovest.no

Treng du container i forbindelse med eit prosjekt finn du meir informasjon her.