Deklareringsskjema må vere utfylt på avfallsdeklarering.no, eventuelt kan verksemda gje Renovest fullmakt til å deklarere for dykk. Verksemda må uansett vere registrert på avfallsdeklarering.no, dette gjerast via Altinn. Er ikkje verksemda registrert her, får du ikkje levert asbestavfallet. (dette gjeld alt farleg avfall frå næring).
- Asbestavfallet må vere stabla på pall.
- Stabelen skal vere pakka inn i tjukk plast.
- Plasten skal vere rundt heile stabelen, også under.
- Alle skøytar og brettar skal vere teipa med sterk teip.
- Det skal merkast tydeleg at det er asbest.
- Makshøgde på pallen må ikkje vere over 1 meter.
Me er behjelpelege med lossing av pall med føresetnad om at maskiner og personell ikkje vert utsett for asbeststøv.
Me ber om at dykk ringer på førehand og avtaler tid for levering.