Hopp til hovudinnhald

Farleg avfall er avfall som inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Farleg avfall må handterast slik at miljøgifter ikkje hamnar i naturen til skade for både menneske, dyr og miljø.

  • Farleg avfall skal i utgangspunktet vere merka med faresymbol.
  • Det er viktig å levere farleg avfall i originalemballasjen.
  • Er du i tvil på om noko er farleg avfall er det betre å levere det som
    farleg avfall enn at det hamnar på avvege. Farleg avfall som for eksempel
    hamnar i restavfallet kan gjere stor skade.

Deklarering
Deklareringsskjema må vere utfylt på avfallsdeklarering.no, eventuelt kan verksemda gje Renovest fullmakt til å deklarere for dykk. Dersom Renovest deklarerer for kundar vil det bli fakturert eit gebyr. Verksemda må uansett vere registrert på avfallsdeklarering.no, dette gjerast via Altinn. Er ikkje verksemda registrert her, får du ikkje levert farleg avfall.

Dette tek me i mot som farleg avfall og elektronikk:

  • Olje og oljeprodukt
  • Syrer
  • Baser og lut
  • Maling, beis, lakk, lim, løysemidlar, botnstoff til båt, trykkfargar og liknande
  • Hobbykjemikaliar og fotokjemikaliar
  • Plantevernmidlar, ugrasmidlar, insektsmidlar, soppmidlar og rottegift
  • Flekkfjernar, toalettrens, rustfjernar, motorrens, sprayboksar og liknande
  • Impregnert trevirke (meir informasjon finn du her)
  • Asbest og eternit (meir informasjon finn du her)
  • Batteri (meir informasjon finn du her)
  • Propanbehaldarar og brannslokkingsapparat
  • Isolerglasvinduer
  • Golvbelegg som inneheld ftalater
  • Lysstoffrøyr, sparepærer og lyspærer
  • Elektriske- og elektroniske produkt
  • Kvitevarer og brunevarer

Dette tek me ikkje i mot:

  • Ammunisjon og eksplosiv
    Leverast der du har kjøpt det, eller til butikk som sel same type produkt.
    Dersom du ikkje veit kor du skal levere det inn, ta kontakt med politiet på 02800.
  • Medisinar
    Leverast på apoteket
  • Smittefarleg avfall