ABC-kjeldesortering

Sorteringsordninga

Desse fraksjonane blir henta
Restavfall
Papp/papir/mjølkekartong
Matavfall
Mjukplast
Glass-/metallemballasje (frå mars/april 2020)

Hushaldnings- og hytteabonnentane må sjølv bringe avfall utover dette til sorteringsstasjon/returpunkt i kvar kommune:

Dette er gratis å levere:
Glass/metallboksar, metall, plast, hageavfall, møblar, tekstilar, klær og sko, asbest, EPS,XPS, cellegummi(produsera før 2005 og inneheld farleg avfall), vindauga(gjeld berre isolervindauga som er produsert i tidsrommet 1965-1990.Andre vindauga er definera som brennbart avfall etter sortering og må betalast for, dekk utan felg, impregnert trevirke, hardplast, porselen,keramikk o.l.
EE-avfall slik som radio/tv/dvd-spelarar,datamaskiner/pc
KFK-møblar: Kjøleskåp-frysarar o.l.

Dette kan leverast mot betaling:
Gips, bygg og rivingsvirke (trevirke, isolasjon, takpapp, glasfibertankar o.l.), isopor, dekk på felg, vindauga som ikkje er produsera i tidsrommet 1965-1990.

Følgjande avfallstyper tek vi ikkje imot:
Eksplosivar, ammunisjon, fyrverkeri, infeksjonsfremjande og radioaktive stoff, gassflasker(med unntak av propan og butan), betong, stein og jordmasser

Sorteringsstasjon
Hovdestadmoen i Vinje, Vistadmoen i Tokke, Skårmoen i Fyresdal, Brunkeberg for Kviteseid og Seljord.
OBS! Begrensa opningstid, sjå renovasjonskalender!

Returpunkt (ubemanna, døgnåpne).
Fleire i kvar kommune.
Glas/metallboksar, papir/papp, tøy

Miljøstasjonar (sjå eiga orientering over returpunkt).
Skal berre nyttast av hushaldningsabonnentar.
Spesialavfall som:
Måling, lakk, tynner o.l., sprøytegift, bilbatteri, olje, kjemikalier.

Plassering av donkar
Plassér donkane inntil køyreruta og maks 10 m frå vegkant. Set dei ved sida av kvarandre på eit fast og flatt underlag.
For den vanlege hushaldningsabonnenten betyr dette:
Donkane kan stå ut til vegen der renovasjonsbilen køyrer eller abonnenten må bringe avfallet fram til vegen den dagen renovasjonsbilen køyrer.. Renovatøren hentar avfallet etter eigen køyreplan som sendt til alle husstandar. Abonnenten må sjølve sortere ut alle gjenvinnbare fraksjonar.

Matavfall

Matavfall må sorterast ut og leggjast i biopose i donken.
NB! Bruk tildela biopose som er av mais og som er nedbrytbar. Ikkje bruk plastposar.
Matavfall er: matrestar, kaffegrut, filter, teposar, bein, planterester og tilsvarande.
Når posen er full knyter du den og legg den ut i donken.
Matavfall hentast kvar 14. dag gjennom heile året.

Drikkekartong

Drikkekartongar skyllast, brettast flate og leggast oppi ein tom kartong (6-8 stk i kvar).
Desse drikkekartongkubbane leverast saman med papir/papp.
Alle kartongar, også med metallfolie og plastkork kan leverast

Papir/papp

Bruk papir og papp donken.

Glas/metallboksar

Glasflasker – både farga og klare, syltetøyglas m/lokk og hermetikkboksar – dette kan du ha i glascontainer.

Keramikk, porselen, bilglas, tome målingsspann i plast, speil og gamle enkle glas skal i restavfallet!

Lysstoffrør, sparepærer, sprayboksar, propanflasker, restar av flytande måling og andre stoffer merka farleg skal bringast til miljøstasjonar!

Spesialavfall

Alt miljøfarleg avfall slik som måling, lakk, tynner, bilbatteri, løysemiddel, sprøytevæske m.m leverast til miljøstasjon.

Oppbevar alt spesialavfall slik heime at born ikkje kan få tak i det.

Klede

Klede, skotøy, lettare hushaldstekstiler som dukar, handkle, gardiner, puter, sengetøy og mjuke leiker m.m kan leverast til Uffcontainerar som står utplassera på returpunkta. Legg artiklane i plastposar/sekkar. Hugs at det du leverer er reint og tørt.

Restavfall

Avfallet som er att når du har sortera ut alle gjenvinnbare fraksjonar og vanleg avfall skal leggast i restavfallsdunken.

Bygge-og rivningsavfall

Trevirke, eternittplater o.l. leverast til sorteringsanlegg i Brunkeberg. Mindre mengder frå hushald kan leverast til satelittmottaket i Åmot/Dalen/Fyresdal. Vi tek ikkje imot betong, stein, jordmasser o.l. dette må leverast til godkjente tipplassar.

Hageavfall

Hageavfall får du levera gratis på dei bemanna mottaka våre.

EE-avfall og KFK-møblar og kvitevarer

Forhandlarar av EE-produktar slik som TV-dvd-pc-m.m., KFK-møblar som kjøleskåp og frysarar og kvitevarer som komfyrar, er no plikta til å ta attende varer av tilsvarande type som det du kjøper. Ved kassering utan nykjøp kan det leverast gratis til eit av sorteringsanlegga.

Avfall utover abonnement

Leverast direkte til betjente mottak. For hushaldings –og hytteabonnentar er dette nå gratis. Sjå oversikt over kva som er gratis og kva du må betale for.

Anna avfall

Avfall som du ikkje finn på denne oversikten.
Ta kontakt med Renovest IKS for nærare informasjon

Hushaldningsplast

SLIK GJER DU:

JA TAKK:
– Plastflasker og plastkanner utan kork.
– Plastfolie og plastposar.
– Plastbeger og plastboksar.

NEI TAKK:
– Urein plast (matrestar, spesialavfall osv.)
– Plast som ikkje er emballasje (legoklossar, hagemøblar, kulepennar etc.)

SLIK GÅR DU FRAM:
– Fjern materialer som t.d. papir og metall (papiretikettar kan du la væra på.)
– Skyl plastemballasjen i kaldt vann.

Returordning på elektriske produkter

Renovest IKS har innsamlaravtale med RENAS på næringselektro og Revac/ Norsirk på andre elektriske produkt.

Elektriske og elektroniske produkt inneheld helse- og miljøskadelige stoff.
Som godkjent innsamlar av elektriske og elektroniske produkt, er vi difor pålagt å ta imot kassera næringselektroprodukt. Vi samarbeider med RENAS – returselskapet for næringselektro – for å oppfylle EE-forskriften og hindre at helse- og miljøskadelige stoff kjem på avvegar.

Rett val for miljøbevisste kundar
Oppfylling av EE-forskrifta bør væra eit sjølvsagt krav ved levering av kassera elektriske og elektroniske produkter. EE-forskrifta pålegg alle som eig elektriske og elektroniske produkter å ha et system for innsamling og levering av kassera produkt til godkjent mottak. Vi oppfyller dette kravet gjennom medlemskapet i RENAS. For oss er det sjølvsagt å ta ansvar for rett handsaming av slike produkt. Framleis står mange bedrifter utanfor returordningane, utan at dei oppfyller vulkåra i EE-forskrifta. Dirfor har ditt val av leverandør betydning for miljøet vårt.

Miljøansvar for eigne produkter
Gjennom innlevering til oss i RENAS-systemet bidreg du til eit betre miljø i ei landsomfattande returordningen for kasserte elektriske og elektroniske produkter. Den gjer det mogleg for alle, frå privatpersonar til bedrifter, å levere kasserte produkt gratis til mer enn 140 mottak over hele landet. I tillegg tek også forhandlarar imot EE-avfalletavfallet. På denne måten jobbar vi samman for å hindre at miljøgifter som bly, PCB, kadmium, kvikksølv og bromera flammehemmarar kjem på avvegar.

Les meir
RENAS – returselskapet for næringselektro
Forskrift om kassera elektriske og elektroniske produkt (EE-forskrifta)

Plast

Plastinnsamlingsekk blir henta kvar 3. veke. Hugs å knyte plastsekken, og set den fram ved donkane.

Utlevering av bioposar og plastinnsamlingssekk
Bioposar og plastinnsamlingssekk blir levera ut etter behov.

Korleis få nye sekkar/biobag?
Knyt ein plastsekk på papir donken ved neste tøming og renovatøren legg att ein ny rull med plastsekkar til deg.
Knyt ein biobagpose på matavfallsdonken ved neste tøming og renovatøren vil då legge att biobagposar til deg.
Du kan også henvende deg til mottaka våre i åpningstida eller kontakte servicekontora/tenestetorget i kommunen din.

Kjøp av blåsekk
Du kan få kjøpt blåsekkar mottaket i Brunkeberg og på utestasjonane våre, Hovdestad, Vistad og Skårmoen( frå 01.03.2020)

SORTERING SOM VI MÅ BE OM AT DU ER SÆRLEG MERKSAM PÅ!

Glas og metall
Glasflasker – både farga og klare, syltetøyglas m/lokk, hermetikkboksar. – dette kan du ha i glascontaineren.
IKKJE VINDAUGS- ELLER BILGLASS, PORSELEN, KERAMIKK OG SPEIL!

Dette er restavfall
Keramikk, porselen, klær, tome målingsspann i plast, speil og enkle gamle vindaugsglas skal i restavfallet!

Dette er spesialavfall
Lysstoffrør, sparepærer, sprayboksar, propanflasker, restar av flytande måling og andre stoffer merka farleg skal bringast til miljøstasjonar!
Impregnera material og asbest skal leverast til dei betjente avfallsmottaka.

Matavfall
Vi må be om at det nyttast bioposar og ikkje plastposar! Bioposar er gratis for privatabonnentane – sjå informasjon over om kor du kan få tak i desse.

Mjølkekartong
Mjølkekartong skal du skylle, brette, bunte og leggja i papirdonken.
Hugs å merke kartongen – vi er med i returkartonglotteriet!

Plastinnsamlingssekk
Hushaldningsplast omfattar plastkanner, plastflasker, plastfolie, plastposer, plastbegre, plastbokser.
NB! Ikkje plast i kombinasjon med andre materialer eller skitten plast

Gjenbruksstasjon

Renovest IKS avdeling Brunkeberg har eigen gjenbrukscontainer. Her kan du sette inn gjenstandar du trur andre kan ha bruk for, og ta med deg ting du sjølv ønsker å ha:)