Abonnement

STANDARD ABONNEMENT
Ein  husstand med standard abonnement får tildela 1 stk 120 l restavfallsdunk, 120 l papp og papir dunk og 120 l matavfallsdunk + naudsynt mengde bioposar til matavfall. Frå mars/april 2020 kjem det også dunk til glass-/metallemballasje og plastemballasje.

Hentefrekvens: Restavfall kvar 3. veke. Papir/papp kvar 3. veke. Matavfall kvar 14.dag. Plastemballasje kvar 3. veke. Frå mars/April 2020 blir det også henta glas-/metall emballasje kvar 6. veke.

MINIABONNEMENT

Du kan søkje kommunen om miniabonnement dersom det bare er 1 person i husstanden. Utstyr som for vanleg abonnement.
Hentefrekvens: Restavfall kvar 6. veke. Papir/papp kvar 6. veke. Matavfall kvar 14. dag. Plastemballasje kvar 3. veke. Frå mars/April 2020 blir det også henta glas-/metall emballasje kvar 6. veke.

SAMLEDUNKAR
2 eller fleir abonnentar kan slå seg saman om fellesdunkar eller kommunen kan pålegge ei slik ordning. J.før renovasjonsforskrifta §8.

NÆRINGSABONNEMENT
Eigedomar, bedrifter, kontorer som har større avfallsmengder kan få utlevera plastdunkar
på hjul. 3 stk. med dei same fraksjonane som skal hentast hos hushaldningsabonnentane.
Storleiken på kvar dunk må bestemmast utifrå avfallsmengda.
NB! Innsamling fylgjer same køyrerute som for vanleg abonnent.

Eigedomar, bedrifter og kontorer som har større mengder forbruksavfall og der plastdunkar blir for små må nytte container. Desse abonnentane må kjøpe/leige container sjølve og gjera avtale direkte med renovatør.
Det kan også gjerast kombinasjonsløysingar med dunkar og container.