Hytterenovasjon

Viktig informasjon om ny hytterenovasjonsordning!

Konteinarar for hytteavfall vil få sjaktinnkast, innkastopning med diameter 30 cm. Det vil difor ikkje lenger være mogleg å kaste store avfallsekkar i konteinarane. Det vert eigne konteinar for restavfall, plast, papp/papir, glas- og småmetall samt eigne dunkar for matavfall. Restavfall og plast skal vera «innpakka» og kastast i vanlige plastposar.

Status for framdrift av prosjektet i kvar einskild kommune i hovudmenyen på toppen

Kvifor hytterenovasjon?

Etter forureiningslova §30 skal kommunane syte for innsamling av hushaldsavfall. Avfall frå hytter/fritidsbustader reknast som hushaldsavfall, jf. forureiningslova §27a fyrste ledd. Innsamling av avfall frå hytter/fritidsbustader vert difor ei lovpålagt oppgåve for kommunane, på lik linje med hushaldsavfall frå fastbuande.

Kommunane er etter forureiningslovas § 34 plikta til å fastsetja gebyr som skal dekke kostnadane på avfallssektoren, her og renovasjonsordninga for hytter/fritidsbustader. Det vil sei at kvar einskild som vert omfatta av renovasjonsordninga er plikta til å betale renovasjonsgebyr.

Avgifta skal være ei betaling for sjølve renovasjonstilbodet, og ikkje for kor mykje kvar einskild eigedom nyttar han.

Hyttereturpunkt.
Dersom hyttecontaineren er full er det fint om dykk kontaktar Renovest IKS på tlf. 35 06 80 00 og melder i frå.
Dei som betalar hytterenovasjon står fritt til å nytte alle hyttecontainerane innanfor Renovest IKS regionen.

 

Styre og representantskapsprotokollar