Kvifor sortere avfall?

Kvifor sortere avfall.

  1. Viktige råvarer, slik som metall, plast, papir, papp kan nyttast opp att.
  2. Vi forureinar ikkje naturen, luft og vann.
  3. Det vi ikkje har bruk for sjølve kan kome andre til nytte og på den måten sparer vi og ressursar.
  4. Farlege stoff kjem ikkje på avvegar og skaper forureining, eller fører til at dyr og menneskje får alvorlege skader.
  5. Ved gjenvinning av 1 kg. plast sparar vi 2 kg olje, samstundes som vi reduserar CO2 utsleppa med 1 kg.
  6. Matavfall og hage/parkavfall kan komposterast og bli til ny jord. Lagt i deponi, der vi får nedråtning utan tilførsel av oksygen, fører det til produksjon av metangass som er 20 gonger farlegare klimagass enn CO2.

Korleis kan du bidra.

  1. Ikkje kast før du er sikker på at det du kaster ikkje kan nyttast opp att.
    Kjøp kvalitetsvarer.
  2. Kjøp varer med ingen eller lite innpakning.
  3. Sorter avfallet ditt så godt du kan før du leverar det til sorteringsutstyret heime eller til returpunkt, eller betjente mottak.
  4. Prat om sortering og kor viktig dette er blant vener og kjente.

Kvifor skal du bidra.

Om du vil at dine etterkomarar ikkje skal arve noko som du ikkje vil ha ynskje om å arve sjølv, då veit du kvifor du skal bidra i kampen for ei betre framtid.