Hopp til hovudinnhald

Renovest har ansvaret for innsamling, transport og handsaming av septik og slam frå private slamanlegg og kommunale reinseanlegg.

Tøming av slamavskiljarar

Slamavskiljarar vert tømt med mobil avvatningsteknologi.
Det vil seie at mesteparten av vatnet vert skilt ut og ført tilbake i septiktanken.

Det er fornuftig å nytte mobil avvatning for slamtømming i spreidd bebyggelse. Ved avvatning til 20 prosent tørrstoffinnhald vil mengde vatn som transporterast reduserast med om lag 90 prosent samanlikna med konvensjonell slamtømming.

Reglane for tøming er slik at dei som har godkjent anlegg med 4 m3 3-kamra slamavskiljar og spreiegrøft skal tømast kvart andre år. For dei med anlegg som ikkje støttar desse krava skal anlegget tømast kvart år. Abonnentar som meiner dei kjem innunder feil tømmerutinar bes ta kontakt med kommunen for å få retta opp dette.

Tøming av tette tankar

Tøming av tette tankar utførast med slamsugebil minimum ein gong i året.

Tøming av feittavskiljarar

Renovest tilbyr tøming av feittavskiljarar på rute, eller etter behov.

Renovest tilbyr ekstratømming, nødtømming og spyling av tett avløp.

  • Nødtømming innan 24 timar
  • Ekstratømming innan 7 dagar
  • Ekstratømming innan 14 dagar
  • Spyling av tett avløp.

 

Ta kontakt med oss på telefon 350 68 000, eller send mail til post@renovest.no