Spørjeundersøking om hytterenovasjon

Innføring av kjeldesortering av hytteavfall

Styret i Renovest har bestemt at det skal innførast kjeldesortering på avfall frå hytte/fritidsbustader i alle eigarkommunane. Dagens ordning med hytterenovasjon på ressurskrevjande, og det er planlagt store endringar på dagens løysing. Prosjektet med innføring av kjeldesortering er planlagt ferdig før utgangen av 2024.

I samband med innføring av kjeldesortering på hytteavfallet har Renovest laga ei spørjeundersøking til abonnentane. Formålet med undersøkinga er å få ein betre oversikt over korleis dagens hytterenovasjonspunkt blir nytta, og korleis framtidas løysing skal utformast.  Spørjeundersøkinga tek ca 3-5 minuttar å gjennomføre, og er anonym. Du finn undersøkinga ved å trykke på kommunenamnet du har hytte/fritidsbustad i under. På førehand takk for at du deltek!

Om du har spørsmål eller innspel til hytterenovasjonsordninga i Renovest, kan du kontakte prosjektleiar Tor Erik Sivertsen på tlf: 47682722 eller e-post tes(a)renovest.no

Spørjeundersøking

Vel kva for kommune du har hytte/fritidsbustad i, og du kjem direkte til spørjeundersøkinga

Kviteseid

Fyresdal

Seljord

Tokke

Vinje