Hyttereturpunktet ved Strandbekklii vert avvikla
Renovest IKS har no etablert eit nytt returpunkt med full kildesortering på Vierli. Det er satt opp eigne skur til matavfall der det også kan hentast matavfallsposar. Matavfallsposane er ferskvare og det er større risiko for lekkasje om dei blir for gamle. Det er difor lurt å hente nye med jamne mellomrom i staden for å «bunkre opp». Returpunktet ved Strandbekklii vil no bli avvikla.
Har du spørsmål kan du kontakte oss på e-post: post@renovest.no, eller på telefonnummer 350 68 000.