Nytt hyttereturpunkt i Mo
Renovest IKS har no etablert eit nytt returpunkt med full kildesortering ved grendehuset i Mo. Punktet vert kalla Mo returpunkt. Det er eigne skap der det kan hentast matavfallsposar. Matavfallsposar er ferskvare og det er større risiko for lekkasje om dei blir for gamle. Det er difor lurt å hente nye med jamne mellomrom i staden for å «bunkre opp. Dei gamle containerane ved kryss til Åsgrend og Kleppholt er no samla inn.