Hopp til hovudinnhald

Hovdestadmoen avfallsmottak er mottaket vårt i Åmot, Vinje kommune. Her tek me i mot avfall frå fastbuande, fritidsabonnentar og mindre mengder frå næringsdrivande.

Gravemaskin presser sammen søppel i kontainer på Hovedstadmoen avfallsmottak

Som fastbuande eller fritidsabonnent i Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke eller Vinje kommunar kan du levere følgjande avfallstypar inntil 1,5 m3 kostnadsfritt:

  • Elektrisk og elektronisk avfall
  • Farleg avfall (sjå punkt om kva vi ikkje tek imot)
  • Kvite- og brunevarer
  • Glas- og metallemballasje
  • Hageavfall (frå klipp av hekker og busker på bustadtomt )
  • Plast (mjuk emballasjeplast)
  • Papp og papir
  • Jern og metall
  • Møblar
  • EPS, XPS, Cellegummi (produsera før 2005 og inneheld farleg avfall)
  • Dekk med og utan felg
  • Impregnera trevirke (deklarerast av Renovest IKS)
  • Hardplast (energiplast)
  • Ikkje brennbart avfall (porselen, keramikk, o.l.)

Følgande avfallstypar kan leverast mot betaling:

  • Små mengder gips
  • Bygg- og rivningsavfall (trevirke, isolasjon, takpapp, glasfibertankar og liknande.)
  • Pallar av tre

Følgjande avfallstypar tek vi ikkje imot:

  • Eksplosivar
  • Ammunisjon
  • Fyrverkeri
  • Infeksjonsfremjande og radioaktive stoff
  • Gassflasker (med unntak av propan og butan)
  • Asbest

Som næringsdrivande kan du i små mengder levere følgjande avfallstypar kostnadsfritt:

  • Elektrisk og elektronisk avfall
  • Kvite- og brunevarer
  • Glas- og metallemballasje
  • Jern og metall
  • Dekk med og utan felg

Følgande avfallstypar kan du i små mengder som næringsdrivande levere mot betaling:

  • Plast (mjuk emballasjeplast)
  • Papp og papir
  • Hageavfall (frå klipp av hekker og busker på bustadtomt)
  • Møblar
  • Hardplast (energiplast)
  • Ikkje brennbart avfall (porselen, keramikk, o.l.)
  • Gips
  • Bygg- og rivningsavfall (trevirke, isolasjon, takpapp, glasfibertankar og liknande.)
  • Pallar av tre