Hopp til hovudinnhald

Landbruksplast mottek me gratis på våre bemanna avfallsmottak

Føresetnaden er at plastemballasjen er rein og riktig sortert.

  • Rist plasten for å fjerne stein, jord, restar av fòr og eventuelle andre forureiningar.
  • PP-sekkar (gjødselsekkar), rundballeplast, inner-nett og anna plastemballasje sorterast kvar for seg.
  • Landbruksplasten må sorterast etter farge. Kvit og grønn som ein fraksjon, rosa og gul som ein fraksjon og svart som ein fraksjon.
  • Bigbags som er merka med faresymbol må sorterast som eigen fraksjon.

Det er berre emballasje som skal inn i gjenvinningssystemet.

Dersom plasten etter kontroll viser seg å være urein og/eller dårleg sortera, vil leveringa belastast etter same satsar som restavfall for næringslivet.