Hopp til hovudinnhald

Me har denne veka fått melding frå abonnentar om at det har ligge mykje avfall på utsidan av hyttecontainerane på både Findreng og Fiskebekk returpunkt i Vrådal.

Det er god kapasitet i containerane på begge returpunkt, så det skal ikkje vere grunn til å legge avfallet på utsidan av containerane.

Store gjenstandar som til dømes stolen på bilete kan du som fastbuande eller fritidsabonnent levere gratis på eit av våre bemanna avfallsmottak.

Fiskebekk returpunkt

Findreng returpunkt

Begge returpunkt er nå rydda.

Me vil legge til at me ikkje har vore spesielt plaga med forsøpling på dei nye hyttereturpunkta.

Dei aller fleste legg avfallet i containerane, og sorteringsgraden blir stadig bedre.

Fortsett med å halde returpunkta reine og ryddige, og ikkje slik som dette!