
Ledig stilling som DRIFTSOPERATØR
Renovest IKS har ansvar for handtering av avfall og septik/slam i Vest-Telemarkregionen. Verksemda er lokalisert med hovudmottak i Brunkeberg, Kvitseid kommune. Renovest IKS tek årleg hand om rundt 10 000 tonn avfall, og verksemda si innsats er eit viktig bidrag i miljørekneskapen for regionen. Vi har mottaksstader spreidd over heile Vest-Telemark, og har tretten fast tilsette. Saman med våre underleverandørar, direkte knytt til aktiviteten vår, tel vi i overkant av 20 stillingar. Renovest IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane; Seljord, Kviteseid, Fyresdal, Tokke og Vinje. Renovest tar i dag hand om avfallet frå hytter og hushald i regionen. Vi vil årleg i neste femårsperiode omsetja for meir enn 60 mill. kr.
Renovest IKS har eit viktig samfunnsoppdrag, og ei av oppgåvene det jobbast mykje med er å få til betre sortering av avfallet. Det har vore ei jamn auke i antall besøkande på avfallsmottaka våre dei siste tre åra, og i 2023 hadde vi nesten 6 000 fleire besøkande enn i 2020. Vi har også valt å ha ope ein dag ekstra i veka på to av satellittmottaka våre. Fleire besøkande i kombinasjon med strengare krav til sortering gjer til at me treng meir ressursar på mottaka.

Arbeidsoppgåver
- Hjelpe og rettleie besøkande på avfallsmottaka
- Sortere Avfall, laste containerar/vogntog, operere kanalpresse
- Ved behov må du rekne med å ta del i andre arbeidsoppgåver
Krav til søkaren:
- Maskinførarbevis M2 og M4
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Gode samarbeidsevner
- Må beherske norsk språk skriftleg og munnleg
- Grunnleggande IT-ferdigheiter
Fordel, men ikkje eit krav:
- Kjennskap til avfallsbransjen
- Kunnskap og erfaring i forbindelse med farleg avfall
- Førarkort klasse C (CE)
- Kranførarbevis G8 (Lastebilkran)
- Gyldig yrkessjåførkompetansebevis (YSK-bevis)
Vi tilbyr:
- Gode løns- og arbeidsvilkår
- God pensjonsordning og gode personforsikringar
- Godt arbeidsmiljø og god opplæring
Tiltreding: Etter avtale
Søknadsfrist: 31.03.2024
Spørsmål om stillinga kan rettast til Tor Helge Gjersund – tlf. 958 97 504
Skriftleg søknad med CV per e-post til post@renovest.no.