Hopp til hovudinnhald

Renovest IKS har no etablera eit nytt hyttereturpunkt med full kildesortering i krysset til Kleivgrendsvegen i Fyresdal. Det er eige skap der det kan hentast matavfallsposar på returpunktet. Matavfallsposar er ferskvare og det er større risiko for lekkasje om dei blir for gamle. Det er difor lurt å hente nye med jamne mellomrom i staden for å «bunkre opp».

Dei gamle containerane på Likleivane, i krysset til Åslandsgrend og i Geitstadgrend er no samla inn.