
Nytt hyttereturpunkt i Krysset til Kostveit
Det nye hyttereturpunktet i krysset til Kostveit i Vinje kommune er nå ferdigstilt med nye containerar og full kjeldesortering. Posar til matavfall kan hentast i matavfallsskuret. Matavfallsposane er ferskvare, og det er større risiko for lekkasje om dei blir for gamle. Me ber difor om at det hentast nye med jamne mellomrom i staden for at det hentast ut mange rullar på ein gong.
Det midlertidige returpunktet litt lenger ned i retning Åmot langs Raulandsvegen er no avvikla.
