Nytt hyttereturpunkt i krysset til Songa
Renovest har etablera eit nytt hyttereturpunkt med full kildesortering i krysset til Songa i Vinje kommune. Det er eige skåp der det kan hentast matavfallsposar på returpunktet. Matavfallsposar er ferskvare og det er større risiko for lekkasje om dei blir for gamle. Det er difor lurt å hente nye med jamne mellomrom i staden for å «bunkre opp».
For dei med hytte mellom Rauland og Edland er det no returpunkt med full kjeldesortering i begge utfartsvegar. Kryss til Songa i retning vest, og Harkjellstaullii i retning aust. Det er og returpunkt ved Krossen på Rauland, og på Haukeli industriområde.
Dei gamle containerane i Arabygdi og på Vå er no samla inn.