
Nytt hyttereturpunkt på Åmdals Verk
Renovest IKS har no etablera eit nytt hyttereturpunkt med full kildesortering på Åmdals Verk i Tokke kommune. Det er eige skap der det kan hentast matavfallsposar i matavfallsskuret. Matavfallsposar er ferskvare og det er større risiko for lekkasje om dei blir for gamle. Det er difor lurt å hente nye med jamne mellomrom i staden for å «bunkre opp».
Containerane på det gamle returpunktet på Åmdals Verk er no samla inn.
