Nytt hyttereturpunkt på Veum
Renovest IKS har no etablera eit nytt hyttereturpunkt med full kildesortering på Veum i Fyresdal kommune. Det er eige skap der det kan hentast matavfallsposar i matavfallsskuret. Matavfallsposar er ferskvare og det er større risiko for lekkasje om dei blir for gamle. Det er difor lurt å hente nye med jamne mellomrom i staden for å «bunkre opp».
Dei gamle containerane i krysset til Fjellgardsvegen og containeren oppe ved Skålid i Fjellgardane er no samla inn.