Hopp til hovudinnhald

Renovest har etablera eit nytt hyttereturpunkt med full kildesortering ved Vinsnes langs Nesvatn i Fyresdal kommune. Det er eige skåp der det kan hentast matavfallsposar på returpunktet. Matavfallsposar er ferskvare og det er større risiko for lekkasje om dei blir for gamle. Det er difor lurt å hente nye med jamne mellomrom i staden for å «bunkre opp».

Dei gamle containerane ved fylkesgrensa og ved Berge er nå samla inn.