Nå skal tekstilavfall sorterast som eigen avfallstype!
Frå nyttår skal tekstilar leverast som eigen avfallstype. UFF (U-landshjelp frå Folk til Folk) har sett ut containerar rundt om kring i Vest-Telemark der ein kan levere tekstilar til ombruk så lenge dei er reine og tørre. Frå nyttår tek også Renovest i mot klede og tekstil på våre bemanna avfallsmottak i Brunkeberg, Fyresdal, Åmot og på Dalen.
Tekstila og kleda du leverer på avfallsmottaka må ikkje vere tilgrisa, våte eller illeluktande. Tekstila du leverer blir sendt vidare til sortering, slik at det som kan brukast om att blir tatt ut før resten gjeng til reparasjon eller materialgjenvinning.
Eksempel på tekstilar som kan leverast:
- Klede
- Sko
- Hansker
- Dukar
- Handklede
- Gardiner
- Puter
- Sengetøy
- Mjuke leiker av tøy
Pakk tekstilet i lukka posar/sekker. Skal du levere sko må desse festast saman slik at dei ikkje kjem frå kvarandre under omlasting, transport og sortering.
Tekstil som er vått, tilgrisa og/eller illeluktande kan ikkje leverast saman med andre tekstilar, verken til ombruk eller materialgjenvinning. Det må framleis leverast som restavfall til energigjenvinning.