![](/wp-content/uploads/2024/11/bilde_1487-1920x1280-1-1600x1067.jpeg)
Vant 10 000 kroner på kjeldesortering!
Vemund Råmunddal Veting frå Kviteseid blei nyleg trekt ut som vinnar i årets 4. trekning av Returkartonglotteriet. Alt han gjorde var å skrive namn og nummer på drikkekartongen før den blei sortera.
Sidan 1997 har Norsk Returkartong og Grønt Punkt Norge delt ut premiar gjennom Returkartonglotteriet. Kvar år blir det trekt ut totalt 124 vinnarar som deler ein pott på 1,6 millionar kroner.
Lotteriet var lenge kjend for «skyll-brett-stapp», men no kan du velje sjølv om du vil delta med enkeltkartongar eller kubbar.
– Det einaste du må gjere for å delta, er å skrive namn og telefonnummer på den du vil skal vinne, og kjeldesortere drikkekartongen som normalt, seier Gunnar Moen som er ansvarleg for Returkartonglotteriet i Grønt Punkt Norge.
Velfortent premie
Renovest synest det er hyggeleg å vere med å belønne innbyggjarar som er flinke til å kjeldesortere. Det er òg moro at det titt og ofte blir trekt ut vinnarar i Renovest sine eigarkommunar.
Miljøet som vinnar
Målet med Returkartonglotteriet er å motivere fleire til å kjeldesortere drikkekartongar.
– Å gjenvinne brukte kartongar er langt mindre energikrevjande enn produksjon av papir frå nytt trevirke. Difor er gevinsten stor for miljøet når folk skyller, bretter, og leverer inn kartongar, fortel Gunnar Moen. Han påpeikar òg at drikkekartongen er ekstra verdifull og viktig å kjeldesortere.
– Drikkekartongar er laga av såkalla jomfrueleg fiber. Det vil seie at det er første gong dette materialet er i bruk. Difor kan fibrane i ein innlevert drikkekartong ha opptil sju-åtte liv framfor seg, som for eksempel som pizzakartong eller Cornflakes-eskar, seier Moen.
– Uansett om det blir pengepremie eller ikkje for deg som deltek, så vinn miljøet uansett.
Det er heilt gratis å delta i Returkartonglotteriet, og du kan delta med alle slags drikkekartongar, som til dømes mjølk, juice, pudding og kikertar.
Dette er Returkartonglotteriet
- Alle kan delta og vinne i lotteriet – privatpersonar, bedrifter eller organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.
- Kvar år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordela på 120 premiar på 10 000 kroner, og 4 premiar på 100 000 kroner.
- Deltakaren skriv namn og telefonnummer på den dei vil skal vinne på kartongen, og puttar den i behaldaren for papp og papir.
- Kartongar blir trekt frå 84 forskjellige stader i heile landet. Her blir det trekt mellom 1 og 7 kubbar eller enkeltkartongar avhengig av innbyggartal, til saman maks 188 kvart kvartal. Desse kubbane eller enkeltkartongane går vidare til nasjonal trekking.
- Fleire opplysningar og lotterireglar finn du på grontpunkt.no.
Viste du at…
- Utsortert drikkekartong blir pressa til ballar og seld til papirfabrikkar.
- Kartongane blir kverna opp og tilsett vatn. Papirfibrane blir reinsa, tromla og pressa, og blir til nye papp- og papirprodukt med minimalt bruk av kjemikaliar.
- Innsamlingsmålet for drikkekartongar er å oppnå så høg gjenvinningsgrad som mogleg for å redusere miljøavgifta.
![Returkartonglotteriet](/wp-content/uploads/2024/02/Returkartonglotteriet-1024x676.jpg)