Hopp til hovudinnhald

Batteri som feilaktig blir kasta i restavfallet er ein brannrisiko – både i avfallsbehaldaren, under transport og på gjenvinningsanlegget.

Batteri kan leverast på våre bemanna mottak, men hugs også at dette kan leverast gratis på alle butikkar som sel same type batteri, uavhengig av merke.

Slik gjer du det

  • Teip polane på batteria før du leverer dei inn. Det er ofte litt restenergi i batteria, og då unngår du at dei utgjer ei brannfare.
  • Ta med batteria og lever dei gratis på eit av våre bemanna mottak, eller til butikken når du skal handle.
  • Lever inn!