Hopp til hovudinnhald

Rutinar ved mottak av asbest

All asbest skal vere godt emballert ved levering på mottaket vårt.
Innanding av asbestfibrar kan vere kreftframkallande. Me håpar på forståing for at vi ynskjer å beskytte våre tilsette mot den type helseskade og håpar dykk følgjer våre retningsliner for levering. Ring oss gjerne på 350 68 000 dersom du har spørsmål.

Asbest (eller eternit) er ikkje miljøfarleg ved lagring, men helsefarleg ved handtering. Private kan sjølv rive asbest frå hytta utan spesiell tillatels og utan pålagte lovkrav. På grunn av faremomenta med å utsetje seg for asbeststøv, rådar me også privatpersonar å nytte personleg verneutstyr og følgje forskriftas krav til handtering. Nedgraving på eigen eigedom er ikkje tillate. Asbest skal deponerast på deponi med spesiell godkjenning for dette. Opplysningar om asbestbruk kan finnas i bygge – og materialbeskrivingar. Produktnamn som eternit, asbestolux, pernit med meir, fortel at platene kan innehalde asbest.

Har du berre litt (eks. verandakasser, bitar) skal også desse leverast innpakka i kraftig plastemballasje, gjenteipa og merka med «asbest».

Asbest kan berre leverast på mottaket i Brunkeberg.

Større mengder

  • Større mengder må leverast/bringast til Brunkeberg Avfallsmottak.
  • Asbestavfallet skal vere stabla på pall.
  • Stabelen skal vere pakka i 2- lags plast av typa bygningsplast.
  • Plasten skal vere rundt heile stabelen – også under.
  • Alle skøytar og brettar skal vere teipa med sterk teip.
  • Det skal merkast tydeleg at det er asbest.
  • Makshøgde på pallen må ikkje over 1 meter.

Me er behjelpelege med å løfte av pallen.

Med tanke på klargjering av mottak er det fint om du ringer på førehand ved levering av asbest. Då slepp du også ventetid på mottaket.