Nytt hyttereturpunkt på Rukkemo Aust på Rauland!
Renovest IKS har no etablera eit nytt hyttereturpunkt med full kjeldesortering på Rukkemo Aust på Rauland. Punktet ligg om lag 3 km frå Austbøkrysset og om lag 600 meter før avkøyringa til Rauland skisenter. Det er eigne skap i matavfallsskura der det kan hentast matavfallsposar. Matavfallsposar er ferskvare og det er større risiko for lekkasje om dei blir for gamle. Det er difor lurt å hente nye med jamne mellomrom i staden for å «bunkre opp». Dei gamle returpunkta ved Farhovd/Flotubuvegen, Flishaugen og ved Rauland skisenter er no avvikla. Me minner om at det også er nytt returpunkt på Vierli.